PROGRAMOVERSIKT

Humorgalla i langhuset

Humorgalla i langhuset

lørdag 17. oktober kl 20:00 - 22:00, Langhuset Restaurant

Velkommen til historiens første humorgalla i stavkirko til Lothepus.

Dette blir ein kveld ein ikkje vil gå glipp - med kjende namn som mellom anna Maria Stavang og Nora Svenningsen frå mellom anna humoretaten blir det latter frå start til slutt.

MARIA STAVANG - Er ein profilert komikar og innhaldsskapar. Ho byrja karrieren sin på YouTube, men vart raskt å sjå på standup scena og på TV.
Ho har i seinare tid vore å sjå i tallause tv-produksjonar, mellom anna Kompani Lauritzen, kongen befaler og ikkje minst humoretaten på NRK.

VIDAR HODNEKVAM - Har vorte ein veteran i Humor-Noreg som på 15 år har opptredd på stort sett alle små og store scener i det langstrekte landet vårt.
Med fleire store produksjonar og dessutan to enkeltmannsshow bak seg er han ein vanvitig god og trygg leverandør av standup frå øvste hylle. Du vil alltid le om du ser Vidar på ei scene.

NORA SVENNINGSEN - Kjent norsk humorist og standup komikar. Ho vann Humorspire under Humorprisen i år i 2023 og er for mange eit kjent ansikt på humorscena.
Mange kjenner henne også frå TV-PROGRAM som Kongen Befaler og Ikkje lov å le på hytta. Ho er også aktuell i TV-serien Roast on the coast, på Prime Video.
Nora har show annankvar månad på Latter med Amalie Stuve og Andrea Løvland, med standup, sketsjar og impro

STEINI - Er haugesundaren som er busett på Jæren, men fødd på austlandet - stortrivst på scena og bruker tida med ein mikrofon i handa til å gjera mest narr av seg sjølv og dessutan ta ein prat med publikum.
Debuterte på latter i form av ein ”open mic” tidlegare i år og vart derav den første haugesundaren i historia på scena av alle scener i landet.

HARALD EIDE ELLINGSEN - Harald har solid erfaring som komikar for bedrifter, standupklubbar og på scena med revygruppa ”Eplekjekkasane”. Han driv også med impro på Stavangeren i «Improbonanza».
Harald var konferansier og komikar då Hans Morten Hansen hadde avskilsshowet sitt i DNB Arena i Stavanger mai 2026, med to framsyningar fór til saman over 10.000 personar!
Harald er også kjend som ordstyrar i podkasten ”3 menn og ein bobil".

Inngang: kr. 450
Billettar kan kjøpast på TicketCo.