PROGRAMOVERSIKT

Humorkveld Sentralbadet

Humorkveld Sentralbadet

onsdag 4. november kl 20:00 - 21:30, Sentralbadet Litteraturhus

Ny humorkveld med Raymond Falldalen, Arild Viste, Thor Egeland og Roar Brekke.

Endå eingong kjem ein herleg gjeng innover sørfjorden for å få humøret i taket på ein vanleg onsdag.
Raymond Falldalen - busjåføren som ikkje parkerte bussen - han berre flytta seg over til ein turnébuss i staden. Legger ut om dystre episodar frå sitt traurige liv med dead pan-mine. Men me andre ler desto meir.
Arild Viste har ein ansvarleg jobb og dress og slips, men får ut sine villare sider bak ein mikrofon.
Thor Egeland er rimsmed som leverer dei herlegaste beskrivingane av uteliv og samliv. Og titt og ofte er det frua det går utover. Men ho tek det veldig greitt altså. Påstår han....
Konferansier: Roar Brekke er busy med nye soloshowet sitt, men tek seg tid for å leia kvelden på heimebane.