PROGRAMOVERSIKT

Humorkveld Sentralbadet

Humorkveld Sentralbadet

onsdag 29. oktober kl 20:00 - 21:30, Sentralbadet Litteraturhus

Ny humorkveld med Sjur Hjeltnes, Adrian Austevoll, Jakob Hernar og Roar Brekke.

Headliner denne kvelden er ingen ringjarar enn Sjur Hjeltnes, pianisten og humoristen frå Voss.

Soloshow, pianist hos Nordic Tenors - eller kanskje medhjelpar/pianist til Linda Eide på Språksjåvv på Nrk? Kor du har han frå er ikkje så nøye, du veit uansett at han er sabla flink!

Adrian Austevoll er ein fornøyeleg karsom alltid er blid og positiv - både på og av scena. Med pussige betraktningar får han garantert smilet fram på deg òg.

Jakob Hernar ser ut som ein vaskeekte viking - men er nok skarpare med pennen enn sverdet. Intelligente observasjonar og sjølvironi har denne unge bergensaren i bøttevis.

Konferansier: Roar Brekke.

Inngang: kr. 250
Billettar kan kjøpast på TicketCo.