PROGRAMOVERSIKT

Informasjonsmøte om kosthald og helse i dag

Informasjonsmøte om kosthald og helse i dag

torsdag 19. februar kl 18:00 - 19:00, Hauso Samfunnshus

Har du også høyrt om ultraprosessert mat, men lurer på kva det eigentleg er, og korleis den påverkar kroppen vår?

Kva er eigentleg eit sunt kosthald, og kvifor bør ein laga mat frå botnen?

Dette kan du få svar på om du tek turen til Hauso samfunnshus Torsdag 19. februar.

Lege Geir Sverre Braut held føredrag om ultraprosessert mat, og kor avgjerande eit sunt kosthald er for ei god helse.

Inngang: Gratis

rrangør: Kinsarvik Helselag i samarbeid med Grimo Bygdekvinnelag, Vikebygd og Aga bygdekvinnelag, FAU ved Aga og Utne barnehage og Vikebygd og Hauso skular, Lotestranda Bygdekvinnelag.