

Tuva inviterer til ein heilt unik intimkonsert, «haima» i Odda. Det blir sterke augeblikk, nærleik, glede og overraskingar. For Tuva er dette ein draum som endeleg går i oppfylling - og det finaste er kanskje at det skjer på heimabane, blant ukjende, kjende og kjære.
På scena har ho med seg dei fantastiske oddingane Kim Christer Hylland, Rickard Backer-Owe og Odd Erlend Mikkelsen.
Du kan venta deg ei varm, personleg og unik konsertoppleving.
Inngang: kr. 350
Billettar kan kjøpast på heimesida til Sentralbadet Litteraturhus.