PROGRAMOVERSIKT

Invitasjon til samarbeid om innsamling av munnlege historiar frå Hardanger

Invitasjon til samarbeid om innsamling av munnlege historiar frå Hardanger

onsdag 18. november kl 18:00 - 20:00, Nettmøte

Hardanger folkemuseum og Memoar inviterer til eit ope digitalt informasjonsmøte om Vestlandsminne – fjordkultur i Hardanger.

Har du historier frå livet langs fjorden?

Hardanger Folkemuseum vil ta vare på munnlege historier og livsminne frå Hardanger, med særleg vekt på perioden 1940–2000. Det kan handle om oppvekst, arbeidsliv, fruktdyrking, fiske, båtar og ferdsel, handverk, musikk – eller heilt vanlege kvardagar langs fjorden.

Har du noko å fortelje? Kjenner du nokon ein bør snakke med? Eller har du lyst til å lære å intervjue andre?

På møtet får du høyre meir om prosjektet og korleis du kan bidra. Det presenteres òg planane for kurs i intervjuteknikk og intervjudagar med rettleiing frå Memoar. Det vert mogleg å låne profesjonelt opptaksutstyr gratis.

Hardanger Folkemuseum ønskjer kontakt med privatpersonar, historielag, sogelag og andre lag og organisasjonar. Du treng inga erfaring – berre interesse for historiene og menneska i Hardanger. Møtet er ope for alle og uforpliktande.

Dei små kvardagsforteljingane er òg ein viktig del av historia vår. Hjelp oss å ta vare på dei!

Digitalt møte – få tilsendt lenkje ved å melde di interesse her: https://forms.cloud.microsoft/e/Gx9VCmhGAF?origin=lprLink