

3. og 4. klasse ved Opedal skule inviterer – i samarbeid med Hotel Ullensvang – til ei stemningsfull og tradisjonsrik feiring av Jonsok på Lofthus!
Brurefølget går frå Røyse kl. 18.00
Bli med når me går samla gjennom sentrum og vidare til den vakre hotellhagen ved Hotel Ullensvang.
Undervegs og i hotellhagen spelar felespelar Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes hardingfele.
3. og 4. klasse har førebudd eit flott danseinnslag. Takk til Tone Ekkje for opplæring og gjennomføring av danseøvingar
Hotel Ullensvang serverer pølser og kaffi/te
Fløy stiller med ferske bollar
Lofthus Sideri spanderer frisk eplesaft til gjestene
Kvelden vert runda av med tradisjonelt Jonsokbål på brygga i hotellhagen.
Ta med familie, vener og godt humør.