PROGRAMOVERSIKT

Jubileumskonsert: Hardanger Musikkfest 2026

Jubileumskonsert: Hardanger Musikkfest 2026

fredag 28. august kl 18:00 - 19:00, Hotel Ullensvang

Tre tiår med musikk, møter og minner skal feirast. Jubileumskonserten speglar Hardanger Musikkfest slik festivalen faktisk er: mangfaldig, levande og full av kontrastar.

Kvelden er sett saman som ei rekkje musikalske augeblink, der korte innslag og møte mellom uttrykk skaper ein dynamisk heilskap. Lokale krefter og internasjonale utøvarar står side om side, folkemusikk møter kammermusikk, og kvelden opnar for uventa kombinasjonar..

Frå marsj og bursdagssong til store musikalske høgdepunkt - jubileumskonserten er ei feiring av fellesskapet rundt musikken, av stemmer som har vore med, og av alt som framleis er i rørsle. Ei festkveld i Hardangerhallen, der historia ikkje vert oppsummert, men delt, spela og levd vidare.

Inngang: kr. 495
Billettar kan kjøpast på TicketCo.