PROGRAMOVERSIKT

Julekonsert med Frank Kjosås og Tyssedalskoret

Julekonsert med Frank Kjosås og Tyssedalskoret

tirsdag 16. desember kl 19:00 - 20:00, Kraftstasjonen

Tyssedalskoret inviterar til julekonsert i Kraftstasjonen tirsdag 16. desember.

Den Norske skodespelaren Frank Kjosås er anerkjend som ein av Skandinavias mest allsidige og fengslande talent. Han er utdanna frå Teaterhøgskolen og har hatt ei rekkje store roller ved Det Norske Teater. 
Frank fekk gjennombrotet sitt i 2008 med filmane Dei blir galne hus og Dei Usynlige, og har sidan vorte kjent for si utrulege evne til å meistra eit breitt spekter av roller. Kjosås har spelt nøkkelroller i fleire store produksjonar, inkludert den kritikarroste TV-serien Kampen om tungtvatnet, EXIT og Halvbroren – der han vann Gullruten for beste mannlege skodespelar.
 

Frank har eit imponerande scenenærvær og er også ein dyktig songar. 
Hans evne til å endra uttrykk frå varme og uskuld til truande kjølig har gjort han beundra både blant kritikarar og publikum. I 2024 var han aktuell i fleire store produksjonar, mellom anna Netflix-serien Milliardærøya og spelefilmen Havnaa, i tillegg til rolla si som Ivar Aasen i musikalen Spynorsk på Det Norske Teatret. I 2026 kan du sjå han i Jo Nesbøs kommande Netflix-satsing Harry Hole.