PROGRAMOVERSIKT

Julekonsert: Zimmermann

Julekonsert: Zimmermann

fredag 12. desember kl 21:00 - 23:30, Lofthus Ekspedisjon

Zimmermann kjem til Lofthus på julekonserttuné 12. desember.

Dei siste to åra har Zimmermann spelt julekonsertar for utselde hus i Oslo og Sandefjord. I 2023 stilte han opp åleine med gitaren, i 2024 fekk han med seg ein gitarist, og no i jula 2025 er også ein pianist inkludert! Trioen inviterer til ein intimkonsert med både julemusikk og «kvardagsmusikk», som stort sett er skrive av Amund sjølv.

«Det finst ingen betre måte å bruka årets mørkaste periode på enn å reisa rundt og spela konsertar der ein kjem så tett på publikum. Det varmar kropp og sjel. Eg pleier alltid å slita med å komma i julestemning, men kanskje me kan hjelpa kvarandre her! Eg skal spela både mine eigne låt og nokre av mine julefavorittar, og eg håpar å sjå deg i salen.» - Amund.

Inngang: kr. 425
Billettar kan kjøpast på TicketCo.