fredag 20. desember kl 20:00 - 21:30, Sentralbadet Litteraturhus
Sentralbadet Litteraturhus inviterar til hunorkveld.
Ein julespesial kan ikkje vera som ein vanleg klubbkveld.
Derfor har me fått ein av dei verkeleg toppane innan norske standupkomikarar til Odda denne kvelden. Rune Bjerga er utruleg nok mest kjent på vestlandet, men han har levert show etter show med publikumssuksess. Han fylte faktisk heile salen med 5000 fans i ishallen til Stavanger Oilers! Han vart først kjend på grunn av parodiane sine av Ole Klemetsen og Per Inge Torkelsen, no gjer han standup der fantastisk morosame historier om bestemora, naboar - og seg sjølv, ber dei utselde einmannsshowa. Travlare enn dei aller fleste, men tek seg tid til ein svipptur til Odda. Ei moglegheit du absolutt ikkje må la gå frå deg!
Sondre Stømer er hadelenning, jojo-slanker og regionalsynsar som har mellombels sleppt ut utan tilsyn. Tematisk herjar han med alt han har erfart, og deler rikt på feil og manglar, dårlege livsval og erfaringar. Han har turnert Noreg på kryss og tvers med eige soloshow, vore ein stor bidragsytar i klubbmiljøet i Oslo.
Karoline Onsrud er ein av up-and-coming damene som får lattermusklane til å jobba på høggir.