PROGRAMOVERSIKT

Juliquiz

Juliquiz

fredag 4. juli kl 21:00 - 23:00, Lofthus Ekspedisjon

Tema: Mykje rart ein lurar på.

Fredag 04.juli er det endå ein gong tid for quiz, og me ønskjer velkomne til ein kveld fylt av mange finurlege spørsmål om alt mellom himmel og jord. Kunnskap som kanskje ikkje er heilt avgjerande for om du kjem deg gjennom kvardagen, men som no kan visa seg å komma til nytte om akkurat du veit svaret og kan hjelpa laget ditt fram mot siger. Me gler oss til ein kveld med god stemning, latter og hyggjeleg lag.
Quizen byrjar som vanleg kl.21.00.