fredag 14. august kl 17:00 - 20:00, Hesthamar skrivargard
orfattaren av bøkene Katastrofedagbøkene kjem til Skrivargarden.
Anders Totland har dei siste ti åra gjeve ut meir enn 20 bøker for barn, ungdom og vaksne. Når han kjem til Skrivargarden, tek han med seg ein heilt ny serie, Katastrofedagbøkene. Det er humor og spenning, og akkurat passe mykje action. Bøkene passar for barn frå 6 år og oppover, men fungerer òg fint som høgtlesingsbøker for dei som er litt yngre. Kva katastrofe som står på planen når forfattaren kjem til Skrivargarden, vil tida visa. Men det vert garantert gøy.
Dørene åpner kl. 17.00 med programstart kl. 18.00.
Inngang:
Vaksen: kr. 112
Born u/16 år: Gratis