onsdag 26. november kl 18:00 - 19:20, Røldal Grendahus
Ein familie frå byen har lånt det forlatne huset til tanten for å feira ei gammaldags jul på landet, utan å ana at huset allereie er busett!
Ein familie frå byen har lånt det forlatne huset til tanten for å feira ei gammaldags jul på landet, utan å ana at huset allereie er busett! Ein høgst uvanleg musefamilie har nemleg også pynta og er klare til jul, og dei er ikkje interesserte i besøk. Dermed er det berre ein ting å gjera: rigga fellene, skjerpa sansane og forsvara huset med vêrhår, snedige oppfinningar og musekrefter.
Fritt inspirert av Hollywoods store underhaldningsfilmar og Alf Prøysens Musevisa kjem ein leiken, morosam og actionfylt film for heile familien.
Kven vinn jula til slutt - mus eller menneske?
Aldersgrense: 6 år.
Inngang: kr. 110
Billettar kan kjøpast på
bygdekinoen sine heimesider.