

Historia bak filmen er like gåtefull som han er sann. Regissør Silje Evensmo Jacobsens film tek utgangspunkt i eit ekte og lokalt forankra mysterium. Kvart år får to søsken og familien deira ein anonym pakke send frå Arendal. Avsendaren er ukjend, og undringa veks i takt med åra. Når barna bestemmer seg for å finna ut kven som står bak, utviklar det seg til ei engasjerande og rørande forteljing om familie, tilhøyrsel og betydninga av små handlingar som set spor.
Aldersgrense: Tillat for alle.