PROGRAMOVERSIKT

Kino: Operasjon Bever

Kino: Operasjon Bever

onsdag 18. mars kl 18:00 - 19:45, Røldal Grendahus

Tenk om du kunne snakka med dyr og forstå kva dei seier?

I Operasjon Bever frå Disney og Pixar har forskarar funne ein teknologi der dei kan setja menneskeleg medvit inn i robotdyr som ser ut som ekte dyr, slik at menneske kan kommunisera med dyr som dyr!

Dyreelskaren Mabel grip moglegheita til å bruka denne teknologien, og set sitt eige medvit inn i ein robotbever. Som ein del av dyreriket oppdagar ho mysterium som overgår alt ho kunne drøyma om.

Inngang: kr. 110
Billettar kan kjøpast på Bygdekinoen.