onsdag 29. oktober kl 17:00 - 18:21, Røldal Grendahus
Eit eventyr om ein ung sjøorms reise for å redda verda si frå å bli oppdaga av menneske.
På ei hemmeleg øy, ein stad langt ute på havet, bur Ruffen saman med dei andre sjøormane. Han held seg for seg sjølv, for han er annleis - han kan ikkje symja.
Sjøormane lever lykkelege og sorglause liv, men dei er redde for éin ting: å bli oppdaga av menneske. Heldigvis har dei onkel Ludvik til å verna seg. Med kinesisk drakeblod i åra kan han blåsa røyk ut av nasebora og dekkja øya med tåke kvar gong eit skip nærmar seg.
Men når lagnaden til sjøormane plutseleg avheng av at nokon dreg til Tante Bessie i Loch Ness på eit svært viktig oppdrag, må Ruffen overvinna frykta og visa kva han er god for. På reisa møter han både venner og fiendar - og til slutt er det berre han som kan redda øya frå å bli oppdaga.
Aldersgrense: 6 år.
Inngang: kr. 110
Billettar kan kjøpast på
bygdekinoen sine heimesider.