PROGRAMOVERSIKT

Kino: Stargate - ein julefortelling

Kino: Stargate - ein julefortelling

onsdag 26. november kl 20:00 - 21:31, Røldal Grendahus

Den bestseljande romanen «Stargate – ei juleforteljing» har endeleg vorte film!

Ti år gamle Ronja bur i blokk, men drøymer om ei tømmerhytte i skogen der månen lyser frå ein stjerneklar himmel. Det er desember og pappa er arbeidsledig igjen, heilt til han ein dag får jobb som juletreseljar. Endeleg luktar leilegheita granbar og kjøleskapet er fullt. Men av og til blir freistingane for store for pappa, og Ronja og storesøstera Melissa må klara seg sjølv. Saman tek dei over jobben som juletreseljarar, og skal erfara at sjølv om livet kan vera skikkeleg drit, kan det også på same tid vera skikkeleg fint!

Stargate – ei juleforteljing er ei rørande og hjartevarm førjulsforteljing om ein far som gjer sitt beste, men ikkje nok, ei storesøster som prøver å fylla skoa hans, og ei veslesøster som aldri sluttar å drøyma. Det er ein film om vennskap, om gode hjelparar og om magien til jula.

Aldersgrense: 9 år.
Inngang: kr. 130
Billettar kan kjøpast på Bygdekinoen.