

Filmen følgjer Billie (12) og Vega (16). Familien er i oppløysing, og Billie lengtar tilbake til styrken ho og søstera ein gong fann saman, det dei kalla si superkraft. Med det analoge kameraet til faren som følgjesvein legg Billie ut på ei reise som blir både fysisk og kjenslemessig. Undervegs møter ho menneske og situasjonar som utfordrar henne, men som også gir henne meistring. Ho må stola på seg sjølv, improvisera og handtera det uventa.
Tilbake til Tottori er oppfølgjaren til Tottori! Sommaren me var åleine frå 2020. Karakterane er seks år eldre enn i Tottori! Sommaren me var åleine og målgruppa har vakse med karakterane. Filmen eignar seg godt for barn og ungdom mellom 8 og 14 år. Den første filmen vart svært godt motteken av både publikum og kritikarar og vann ei rekkje prisar i Noreg og utlandet, mellom anna.