PROGRAMOVERSIKT

Kino: Tre menn til Vilma

Kino: Tre menn til Vilma

onsdag 27. november kl 19:00 - 20:34, Røldal Grendahus

Den 35 år gamle læraren Vilma Veierød bur åleine. Ho skyr sosiale medium og bekymrar seg for mykje – aller mest for døden.

Ein førjulsdag står plutseleg den kjekke presten Ivar og patologen Robert med tourettes på trappa hennar med eit brev og beskjeden om at far hennar er død. Vilma visste ikkje ein gong at ho hadde ein far, og brevet set heile tilværet hennar på hovudet. Det har ikkje vrimla med menneske i Vilmas Veierøds liv. Så langt i frå. Men no må ho plutseleg ta omsyn til to menn. Tre - viss ein reknar med den døde faren. TRE MENN TIL VILMA er ein varm, morosam og rørande julefilm. Ein film om å bekymra seg litt for mykje. Om å bryta ut av einsemda, sleppa folk inn og å leva litt meir. Ei påminning om at det er håp, sjølv for dei mest håplause av oss. Tre menn til Vilma er basert på Gudrun Skrettings bestseljande bok, som kom ut i 2020.

Aldersgrense: 9 år.
Inngang: kr. 130
Billettar kan kjøpast på Bygdekinoen sine heimesider.