PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Anders Dahlberg & The Rusty Gold

Konsert: Anders Dahlberg & The Rusty Gold

lørdag 26. oktober kl 20:00 - 23:59, Iris Scene

Er du glad i amerikansk heartland-rock, Tom Petty, John Mellencamp, Bruce Spr.ingsteen

Er du glad i amerikansk heartland-rock, Tom Petty, John Mellencamp, Bruce Springsteen, (tidleg) Ryan Adams og generelt skikkeleg saftig Americana - så er dette konserten for deg.

Anders Dahlberg platedebuterte med eit brak i 2016, då den Knut Hem-produserte "Dancing With Stars" vart sleppt ut til folket. Plata fekk han ut på vegen som support for Austin Lucas, og sikra Dahlberg og banda The Rusty Gold jobben med å musikalsk representera heimbyen då NRKs Sommertoget stoppa på Hønefoss Stasjon. 

No er Anders Dahlberg klar med den etterlengta tredjeplata, som har fått tittelen “Running Days”, og viser ein meir moden og utforskande Dahlberg. I kjølvatnet av platesleppet i oktober dreg Dahlberg ut på releaseturné.

Med seg på vegen har han banda The Rusty Gold, som blir omtalt som “E-Street Band møter Crazy Horse.”.

Dørene åpner kl. 20.00, konsertstart kl. 21.00.

Inngang: kr. 200 / kr. 250 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.