

I den mektige Kraftkatedralen i Tyssedal møtest klangar frå ulike tider og tradisjonar i eit rom som sjølv ber på minner og resonans. Saman med det prisvinnande Helsinki Chamber Choir vert publikum tekne med inn i den rike finske korarven - frå Sibelius og Rautavaara til Kaija Saariahos sarte og lyttande klangunivers.
Gjennom folketonar og tradisjonsstoff bind Martin Steinum Brun programmet saman og skaper overgangar mellom det nære og det monumentale. I urframføringa av Tze Yeung Ho sitt nye verk for koret opnar det seg nye perspektiv og eit nytt avtrykk i rommet, der etterklangen får peike vidare.
Ei stemningsfull konsertoppleving der kor, folkemusikk og tidlause klangar møtest i eit av Hardanger sine mest spektakulære konsertrom.
MEDVERKANDE
Martin Steinum Brun - vokal og lyre
Viktor Wennesz - klarinett
Tanja Tetzlaff - cello
Helsinki Chamber Choir
Nils Schweckendiek - dirigent
Inngang: kr. 395
Billettar kan kjøpast på TicketCo.