PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Bad Brooks

Konsert: Bad Brooks

torsdag 17. april kl 21:00 - 23:59, Iris Scene

Er du klar for påske i Odda med Bad Brooks? Skjærtorsdag er det duka for cowboyfest på Iris Scene.

Opplev musikken frå Bad Brooks, også kjent som "The Arctic Cowboy," ein unik artist som kombinerer countrymusikk med ein iskald, nordisk vibe. Med ein imponerande cv som har late han turnera med stjerner som Brad Paisley og Scott Scovill, leverer Bad Brooks ein ærlegdom og erfaring som få andre kan matcha.

Bad Brooks har ikkje berre delt scene med nokon av dei største artistane i sjangeren sin, men har også samarbeidd med legendariske produsentar som Mike Appel (Bruce Springsteen) og Rob Martin (Columbia Records), som har bidrege til å forma det unike lydbiletet hans. Musikken til Bad Brooks fangar essensen av livet, kjærleiken og ei ærleg sanning, men alltid med ein dose av humor.

Inngang: kr. 250 / kr. 300 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.