PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Bjørn Tomren

Konsert: Bjørn Tomren

lørdag 4. juli kl 18:00 - 20:00, Hesthamar skrivargard

Hesthamar Skrivargard inviterar til konsert med Bjørn Tomren 4. juli.

Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike uttrykk og si eineståande formidlingsevne rakk Tomren på kort tid å bli allemannseige, og vart omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Bjørn følgde opp TV-suksessen med ein lang turné og utselde konserthus over heile landet, som kulminerte i tre fullstappa konsertar i Oslo Konserthus.

Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er òg kjend frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og vorte stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølve, «Kunsten å jodle». I 2019 gav Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction», til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at ein kan drukne i ho». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi-country som du kan lytte til i bakrus.

Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomren si musikalske rekkevidd frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protestmusikk.

Inngang: kr. 481
Billettar kan kjøpast på Tikkio.