PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Bjørn Tomren

Konsert: Bjørn Tomren

onsdag 18. mars kl 20:00 - 23:00, Sentralbadet litteraturhus

Bjørn Tomren kjem til Sentralbadet Litteraturhus.

Med si eineståande røyst, musikalitet og surrealistiske forteljarkunst legg Bjørn Tomren ut på turné med nye og gamle landeplager. Repertoaret spenner frå religiøse folketoner, strupesang, americana, jazz, middelalderballader, jodling, psykedelisk protestmusikk, til viser så lavmæle at du først merker dei på veg heim. Siden 2019 har Tomren gitt ut tre kritikarroste album. Hausten 2021 blei han heile Noregs favoritt i NRK-konkurransen «Stjernekamp», og vart omtalt som «den kuleste artisten i Stjernekamp si historie». Deretter fulgte omfattande turnéar med utselde konserthus over heile landet.

Den siste tida har han også bemerka seg som skodespelar i NRK-serien «Våre beste år». Utanfor scenen er Tomren eventyrer med verdsrekord i «Noreg på langs-turer»; I kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan også vise til ei kort karriere som klovn.

Erlend Loe sa ein gang: «Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musiker med fantastisk røyst, han kan også sykle på eitt hjul.»

Inngang: kr. 400
Billettar kan kjøpast på heimesida til Sentralbadet Litteraturhus.