PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Bodil Rørtveit

Konsert: Bodil Rørtveit

lørdag 24. oktober kl 19:00 - 20:00, Hardanger Kunstgalleri

Velkommen til ein magisk haustkveld med Bodil Rørtveit.

Bodil Rørtveits stemme har vorte beskriven som eit symbol på urkraft og nærvær. På det sjangeroverskridande DJUPNA skapar ho atmosfæriske landskap som breier seg ut - sårbart, nake, ufiltrert - og utan ord.
DJUPNA er ein leit mot indre ro og kontakt med sitt inste, mest autentiske vesen - eit kontemplativt, stille og uttrykksfullt album. Med fleire lag av stemmer byggjar Bodil harmoniske strukturar med knurrande dronar, ​opne klangar, dvelande melodiar og minimalistiske musikalske mantra. ​Ho framkallar lyden av fuglar og kvalar, og trekkjer lyttarane inn i ei altoppslukande oppleving, som speglar stemningsbilete frå naturen.

Dørene åpner kl. 18.30 med konsertstart kl. 19.00.

Inngang: kr. 300
Billettar kan kjøpast på
.