lørdag 28. mars kl 22:00 - 23:59, Iris Scene
BON SCOTCH - A Tribute To AC/DC & Bon Scott kjem til Iris Scene.
Tributebandet BON/SCOTCH er ei hyllest til AC/DC og Bon Scott, og består av eit solid knippe innbarka rockefantastar som meiner at folk fortener å sjå sceneshowet og høyra soundet til AC/DC’s første lineup. Det er derfor lagt ned mykje arbeid i å skapa det trykk og karisma som skal til for at konsertopplevinga skal kunna måla seg med showet til moderbandet under siste halvdel av 70-talet. Så til alle som forbannar seg over at de aldri fekk oppleva det verkelege AC/DC – her er sjansen dykkar til å kunna nyta dette!
Inngang: kr. 200 / kr. 300 (medl. BLU / ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.