PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Britt-Synnøve Johansen

Konsert: Britt-Synnøve Johansen

fredag 8. mai kl 20:00 - 22:00, Hardanger Kunstgalleri

Hardanger Kunstgalleri inviterar til konsert med Britt-Synnøve Johansen 8. mai.

Hardanger Kulturgalleri er så heldige å bli valt til ein av stoppestadene på Britt-Synnøves turné med den nye plata hennar, Kveldslys.
Britt-Synnøve Johansen er den vesle kvinna med den store stemma og ei formidlingsevne av dei sjeldne. Ho har sunge Edit Piaf på norsk, tango på norsk, eigen og andres musikk full av store kjensler.
Kveldslys får gode kritikkar, og blir beskrive som varm og uendeleg vakker; "som ein kveld i lunt lys" .
Og i vakre Mælens omgivnader, som sjølv badar i lunt lys, så må vel dette bli det vakraste ein kan få med seg på denne frigjeringsdagkvelden.
Sikre deg billettar allereie no!

Inngang: kr. 350
Billettar kan kjøpast på TicketCo.