PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Dead Target og Rismann & The Stakedrivers

Konsert: Dead Target og Rismann & The Stakedrivers

fredag 4. april kl 22:00 - 23:59, Vertshuset Odda

Fredag 4. april kjem både Dead Target og Rismann & The Stakedrivers til Vertshuset.

Fredag 4. april kjem både Dead Target og Rismann & The Stakedrivers til Vertshuset.

Dead Target er ung, energisk og sjølverklært ‘'PunkRockNRoll'' frå Hardangerfjorden. ‌Bandet som opphavleg oppstod i 2017, starta 2024 med å byta namn og entra studio med nye låtar og nye visjonar.
I mai 2024 sleppte dei comeback-singelen "Signs" på Fücking North Pole Records, der dei serverte ein feit, catchy og punkete lét med allsong-faktor og tostemt-gitarsolo. Singelen vart lista på Evig Lyttar sin ‘'Månadens Øyresus'', og vart spelt på radio og podkastar i inn og utland til god mottaking. Juni same år følgde bandet opp med den litt meir alternative singelen "Leaving In A Year Or Two" der dei mellom anna vart omtalte som ‘'Maiden-pønk'' i eit amerikansk radioprogram.
I september sleppte dei endeleg debut EP-en sin "PUNX", noko som verkeleg opna augnar og øyre hos folk. Dei vart spelte og plukka opp hos P13, invitert til podkastar og radio, og planlegg å fylla 2025 med låtslipp, innspeling av debutalbum og gigs i aust og vest.
Dead Target hentar tydeleg inspirasjon frå band som Green Day, The Libertines, Turbonegro, Misfits og Social Distortion, med den særeigne tvisten sin. Resultatet er ein feit harmoni av punkete rock n roll musikk og melodiske refreng.
 

Skandinavisk pønkrock er blokken når RISMANN & The stakedrivars (Haugesund) skriv kjærleiksbrev for støy-rock, post-pønk og avant garde. Sekstetten frå Noregs bedehus-hovudstad boblar over av angst og sinne ein gjeng som ofte skrik høgt i offentlegheita, både på og av scena.‌‍

Sist sett spela support for Barren Womb for eit kokande Folken i Stavanger men rismennene kviler ikkje. På tampen av 2024 teaset dei den kommande EP-en sin med songaren "Pick Me" og det spørst om Viccen blir det same etter at denne gjengen er ferdige med dei.