PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Denne Helgen

Konsert: Denne Helgen

lørdag 18. april kl 14:00 - 18:00, Iris Scene

«Denne Helga» er ein løyst samansett gruppe musikarar som alle heiter «Helge»!

Dei har tilstøytande postadresser, ein nærståande sans for humor - og stort sett same frisyre og smak i klesvegen. – Og alle har lang erfaring med røter og føter i andre musikalske samanhengar.
«Denne Helga» strevar etter eit varmt, tekstbasert, ope og akustisk lydbilete med songar i ulike sjangrar, der tekst og formidling står i sentrum! På spelelista har dei eigne songar skrive spesielt for «Denne Helga» av Helge Grønhaug, og songar dei synest passar henta her- og derifrå.
Grunnstammen er:
Helge Grønhaug (gitar, vokalist og låtskrivar). Helge har meir enn fire tiårs erfaring som låtskrivar og vokalist i kultbandet «Dei Musikalske Dvergene».
Helge Nyheim (slagverk og kor). Helge har spelt med ei mengd ulike artistar og er sentral i The Nordic Floyd Show der han er både trommeslagar og vokalist.
Helge Haugland (kontrabass og kor). Helge er ein multiinstrumentalist med allsidig bakgrunn og erfaring, med spennvidd frå den årlege Beatles-festivalen i Bergen til The Nordic Floyd Show.
- og (når tid og høve byr seg):
Helge Lilletvedt (piano og kor), som har bakgrunn frå jazz, -viser, -teater og som arrangør.

Inngang: kr. 100 / kr. 200 (Medl. BLU / ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.