PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Depresno

Konsert: Depresno

torsdag 13. november kl 20:00 - 21:30, Sentralbadet Litteraturhus

Depresno til Sentralbadet Litteraturhus 13. november.

dePresno har i over eit tiår vore ein av Noregs mest særeigne popstemmer. Med den djupe, sjelfulle vokalen sin og sterke historieforteljing balanserer han det emosjonelle med det underhaldande på ein måte få andre gjer.
Sidan gjennombrotet med «Hide and Seek» i 2016 har han levert kritikarroste låtar som «Too Fucked Up To Love You», «Trust» og «See You Soon», og dessutan albuma Technicolor, Monochrome og Places. Bergens Tidende har kalla han «ein av dei beste popsolistane i landet».
dePresno er ein naturleg liveartist, med sjølvironi, nærvær og evne til å fanga publikum – anten det er på by:Larm, Bergenfest, Slottsfjell eller som support for AURORA. Hausten 2024 fylte han Håkonshallen i Bergen for tredje året på rad.
Våren 2025 nådde han ut til eit breiare publikum gjennom Stjernekamp, der han imponerte i sjanger etter sjanger og enda på ein sterk andreplass.
Uansett scene leverer dePresno opplevingar som varer – både i hjartet.

Dørene åpner kl. 19.00 med konsertstart kl. 20.00

Inngang: kr. 350
Billlettar kan kjøpast på heimesida til Sentralbadet Litteraturhus.