

«Ei hyllest til gitarlegendene» er ei konsertoppleving som tek publikum tett på nokre av tidenes største gitaristar og låtskrivarar. Med musikk frå Mark Knopfler/Dire Straits, Eric Clapton, John Mayer, Prince og Bruce Springsteen, får publikum servert ein miks av klassikarar og publikumsfavorittar, levert med respekt, kraft og speleglede.
Frå blues og pop til stadionrock, dette er musikk som treffer folk på tvers av alder, sjanger og generasjonar
Prosjektets frontfigur, gitarist og vokalist Vidar Ruud, har lang live-erfaring frå turnear i heile Sør-Noreg og har mellom anna delt scene med Steve Phillips (Notting Hillbillies) og Guy Fletcher (Dire Straits/Mark Knopfler). Saman med eit solid handplukka band leverer han ei gjennomført hyllest til ikona som har forma moderne rock og blues.
Bandet:
Gitar og vokal : Vidar Ruud
Gitar: Helge Mikael Landro
Bass: John Christian Boga
Trommer: Rune Steffensen
Tangenter: Torgeir Børnes
Inngang: kr. 200 / kr. 250 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.