PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Hayseed Dixie

Konsert: Hayseed Dixie

lørdag 3. oktober kl 21:00 - 23:59, Iris Scene

Hayseed Dixie er dei suverene skaparane av den musikalske sjangeren Rockgrass.

Hayseed Dixie starta ein uskuldig sommardag i 2000 då John Wheeler og Mike Daly drakk omtrent nok whisky til å frakta eit slagskip frå Floridakysten til Portugal og tilbake, og bestemde seg for å leika litt i Johns studio. Etter å ha brukt dei førre åra på å turnera med diverse countryartistar, hadde John samla ein skikkeleg haug med innspelingsutstyr. Då han og Mike i den rusa openberringa si oppdaga at «Lost Highway» til pastor Hank Williams og «Highway to Hell» til biskop Bon Scott faktisk var den same identiske asfaltstrekninga, var dei godt førebudde på å dokumentera denne openberringa.

Inngang: kr. 300 / kr. 350 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.