PROGRAMOVERSIKT

Konsert: «Hei, mitt navn er Iren Reppen og jeg er sexy nok.-

Konsert: «Hei, mitt navn er Iren Reppen og jeg er sexy nok."

fredag 16. oktober kl 19:00 - 23:00, Iris Scene

Iren Reppen kjem til Iris Scene 16. oktober.

Iren seier: Det krev litt av ei vaksen dame å seia «Hei, mitt namn er Iren Reppen og eg er sexy

nok. Ganske mykje faktisk. Sånt seier ein ikkje. Eg seier det aldri. Berre på konserten. Unikt.

Eg kan ikkje by på modellkropp, eg tilbyr ikkje rynkefri hud og ei heller mystisk image. Ikkje i det heile

  . Eg tilbyr denne konsertframsyninga i staden.

Me lever i ei tid der det å bli eldre ofte blir definert som unaturleg -og unødvendig! Og ikkje

minst: svært usexy. Mitt namn er Iren Reppen og eg er sexy nok. Takk.

rein Reppen har hatt stor suksess med konsertane sine, og ho har no teke steget heilt over frå

teaterscena til musikken. Dei morosame konsertane hennar til ettertanke: «Terje Nilsen altså»

og «Det e hardt å vera bitch.», speler ho framleis, men i denne konserten kjem me

kanskje endå nærare på personen bak desse suksessane.

Humor og varme pregar Irens konsertar, og denne blir ikkje noko unntak.

Med seg på scena har ho pianist Erlend Skomsvoll.

Inngang: kr. 300 / kr. 350 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.