lørdag 21. mars kl 21:00 - 23:59, Iris Scene
Hjerteslag spelar på Iris Scene
Primus motor Robert Eidevik dreg med seg favorittgitaristen sin frå Hjerteslag, og gjer ein akustisk intimkonsert på den lokale kneipa di, der dei speler kjende og kjære hjarteslag-songar!
Heilt sidan oppstarten i Bergens undergrunnsmiljø, har Hjerteslag vore eit av den aller beste i landet og mest populære rockeband. Med vokalist Robert Eideviks umiskjennelege og unike låtskrivar- og tekstsignatur i botn, har bandet vore premissleverandørar for melodisk, støyande, og gatepoetisk musikk på norsk. Vinteren 2026 er bandet igjen albumaktuelle.
Med comeback-albumet Tyvens Dagbok og den følgjande turneen hausten 2022, gjenerobra Hjerteslag sin posisjon som eit av dei leiande rockebanda i landet. Samtidig gjekk frontfigur Robert Eidevik inn i det han sjølv beskriv som ein ny fase av livet der han tok seg i å reflektera langt meir over livet enn før, og henta opp gamle historier frå oppveksten. Som ein kvervelvind skreiv han låt på låt, og plutseleg var nok ei Hjarteslag-plate klar, i rekordfart. På Betonglandskap frå 2024 har Robert bygd eit tekstunivers rundt det å veksa opp imellom betongblokker i ein litt sliten og høglydt drabantby utanfor Bergen. Tekstane er baserte på eigne erfaringar og refleksjonar, men er også historier som andre kan kjenna seg igjen i. I songane ligg det også eit ønske om å gi ei stemme til dei som står på utsida av samfunnet. Til slitarane i gatene, og til kampen mot rus og psykisk sjukdom. Det er historier som handlar om å finna sin plass åleine i verda, fanga i all sin annleisheit.
Billettar kjem snart til sals på TicketCo.