PROGRAMOVERSIKT

Konsert: homas Dybdahl (duo)

Konsert: homas Dybdahl (duo)

fredag 5. desember kl 19:00 - 21:30, Odda Kino

"Ein av landets kvassaste låtskrivarar kjem til Odda kino.

Thomas Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med dei nydelege albuma sine styrkt stillinga si som ein av Noregs store artistar og låtskrivarar.

For 20 år sidan sat Thomas Dybdahl med det første soloalbumet sitt “…That Great October Sound” mellom hendene. Albumet vart eit vendepunkt i karrieren med svært gode kritikkar, Spellemannspris og Edvard-pris. 

I duo format har Thomas med seg Vegard Lien Bjerkan på piano/flygel.

VG skreiv i meldinga av debutalbumet «Dybdahl åleine er ei aldri så lita openberring med såre, vakre songar framført med den same, nesten kviskrande intensiteten som gjorde Jeff Buckley til allemannseige – høyr berre opningssporet «From Grace»!».

Ein duo konsert med Thomas Dybdahl er ein sjanse til å høyra låtane hans slik dei vart til opphavlege. I tillegg til å presentera klassikarar frå ein lang karriere speler han også nyutgitt og nyskrive materiale på sine duo konsertar.

Dørene åpner kl. 19.00
Konsertstart: kl. 20.00

Inngang: kr. 550
Billettar kan kjøpast på bråkmakar.no