fredag 27. februar kl 18:00 - 23:59, Bygdahallen - Nå
Tett på Jørn Hoel i Bygdallen på Nå.
Dei siste åra har eit breitt publikum fått auga opp for Jørn Hoel på nytt gjennom mellom anna Hver gong me møtast, Stjernekamp og The Hit. Samtidig har han styrkt sin posisjon som ein av Noregs sterkaste formidlarar – med ei stemme, musikalitet og nærvær som berre blir betre med åra.
Denne konserten er lagd opp i eit intimt format, der publikum kjem tett på både musikken og historiene. Med lune kommentarar, sjølvironi og improvisasjon skaper Jørn Hoel eit rom for ekte kontakt og samspel. Songane blir framførte slik dei opphavleg er skrivne – nært, ærleg og utan filter.
Middag før konserten
For konsertgjester blir tilbodne middag før konserten:
Hallvardsnaustets berømte oksekjakar i mørk saus
Servert med kremet mandelpotetpuré, marinerte rotgrønsaker og friske urter.
Dessert:
Syndefull sjokoladekake med espressosmørkrem, Manjari-sjokolademousse og Morlacco-marinerte raude bær.
Pris: 2-retters middag: 395,-
Reserver middag på 411 47 195
Inngang: kr. 695
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.