fredag 24. april kl 20:00 - 21:30, Siderhuset Ola K
Josefin Winther - jubileumsturné: To tiår som artist kjem til Siderhuset Ola K.
Våren 2026 feirar Josefin Winther sitt tjueårsjubileum som artist. Ho fekk platekontrakt som 19-åring, og har sidan den gongen spelt over 1000 konsertar og gitt ut åtte studioalbum, fem EP-ar, eit titals singlar og ei songbok. Ho har fleire A-lista radiosinglar under beltet, og gjorde også suksess som låtskrivar med Noregs vinnarlåt i MGP i 2014. Ho har spelt konsertar i inn- og utland, og har tidlegare vore basert i Reykjavik og London.
Winther er ikkje mindre enn særeigen artist med stor produktivitet, av fleire meldarar løfta fram som ein av dei sterkaste låtskrivarane i landet. Jubileet blir markert med at ho gir ut tre album i mars og dreg på turné med fullt band i april. Dei tre albumutgivingane demonstrerer det store spennet i Winthers musikalske register, og består av eit studioalbum med engelskspråklege poprock-låt, eit norskspråkleg album spelt inn i live i Tøyen kyrkje og eit greatest hit-album.
På turneen har ho med seg eit knippe av dei ypparste musikarane i landet, og byr på ein festkveld med låtar frå heile katalogen ho har bygd opp gjennom tjue år. I Winthers univers finn ein mellom anna norske, engelske og islandske tekstar, det heilt nære på akustisk gitar, viser, pianoballadar, rockelåt og grandiose gitarsoloar.
Jubileumsturneen er ein av få moglegheiter til å oppleva Winther i fullt format, og 24. april kjem ho og bandet til Siderhuset Ola K.
Inngang: kr. 380
Billettar kann kjøpast på
Yttrehus Live si heimeside.