fredag 6. mars kl 21:00 - 23:59, Iris Scene
Iris inviterar til konsert med Knock Out Greg & Blue Flames 6. mars.
Han har vore i Odda fleire gonger før, denne gongen tek han med gutane i The Blue Flames. Greger «Knockout Greg» Andersson er tilbake med litt meir back-to-basic blues med litt old school soul som ekstra krydder. Greger starta sitt første bluesband på 1980 – talet, bandet som etter kvart utvikla seg til det legendariske bandet Knockout Greg & Blue Weather. Dei var eitt av dei mest aktive bluesbanda i Sverige og Europa i over eit tiår.Knockout Greg & Blue Weather gav ut 6 album og samarbeidet på ulike måtar med dei fleste internasjonale artistar. Bandet spelte også inn den Grammy-nominerte «Leit me get over it» med ikonet Sven Zetterberg, som dei også gjorde tallause spelejobbar med.
Inngang: kr. 200 / kr. 250 (medl. BLU / ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.