«Det blå landet»
-er ein konsert med dikt av Hans Børli og Olav H Hauge og med ny musikk av Sinikka Langeland og Knut Hamre. I musikken har dei lete seg inspirere av korleis folkemusikken i Hardanger og på Finnskogen er ein del av bakteppet for diktinga. Lengselen til det hinsidige har kanskje i eldre tider skapt huldremusikk og møte med det usynlege, ein lengsel mot det blå landet, som Hauge kallar det i eit dikt. Dette heilt nye samarbeidet mellom Langeland og Hamre er spenstig både når det gjeld arrangementa med element frå to ulike tradisjonar og samklangen av to så spesielle instrument som kantele og hardingfele.
Inngang:
Ordinær: kr. 300
Sesong: kr. 270
Student: kr. 150
Barn u/ 16 år: Gratis
Billettar kan kjøpast på TicketCo.