PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Kråkene

Konsert: Kråkene

lørdag 7. februar kl 14:00 - 17:00, Iris Scene

Laurdag 7. februar blir det gjensyn med dei lokale Kråkene på Iris Scene.

Bandet som lenge har bestått av Kjersti Graue, Irene Børve, Jan Roger Mjåtvedt og Ulf Knudsen har fått med seg Ewan Huisamen på bass og Stein Harald Aksnes på slagverk.Kråkene er litt annleis enn andre lokale band sidan dei lagar musikken sin sjølv. I 2024 gav dei ut eit album som fekk tittelen «Bak Gardina» med 13 eigenkomponerte låtar.Til no har bandet 37 sjølvskrivne låtar, alle skrivne av anten Irene eller Ulf, men det er Ulf som har skrive alle melodiane.I byrjinga spelte me mykje coverlåt, men har halde oss til eigne songar dei siste åra. Me har likevel bestemt oss for å ha med litt coverlåt igjen sidan publikum blir så glade når dei kjenner igjen melodien og kan syngja med.

Inngang: Gratis