PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Monja - Folkemusikk

Konsert: Monja - Folkemusikk

torsdag 26. februar kl 19:30 - 21:00, Hardanger Folkemuseum

Nordisk folkemusikk i smakfull og spenstig innpakning

Trioen Mojna har markert seg som kreative tolkarar av nordisk folkemusikk i kombinasjon med nyskriven musikk der kontrapunktiske element og improvisasjon står sentralt. Med fingerstyle-gitar, hardingfele og bassklarinett, har dei skapt eit litt uvanleg lydbilde, som har vorte sjølve signaturen deira.

Dei har gjeve ut tre album: Før sola skin’ på tak (2022), Väntenätter (2024), som fekk Folkelarm-nominasjon og karakteren ‘6 av 6’ hos NRK sin platemeldar. Thomas Eriksson, som står for det meste av komponeringa, vart også kåra til Årets Komponist under den svenske Folk- & Världsmusikgalan for musikken på plata. Tredje album, Mareld, kom i oktober 2025.

Thomas Eriksson – gitar

Anna Malmström – bass-klarinett

Tuva Færden – hardingfele

I samarbeid med Føredefestivalen og Vestfolk

Foto: Førdefestivalen