PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Rossman

Konsert: Rossman

fredag 18. april kl 21:00 - 23:00, Sentralbadet Litteraturhus

Rossman med band til Sentralbadet Litteraturhus.

Med det rykande ferske albumet "Peiling på feiling" i bagasjen er Rossman med band klare for den faste vår-turneen sin. Det blir ny musikk, gammal musikk og endå meir av den gode stemninga du finn på ein Rossman-konsert.

Eit botn gass, feelgood-fyrverkeri av eit sceneshow, der det oser av speleglede og overskot, har gjort at Rossman har vorte ein populær og ettertrakta liveartist. Det låtar litt som ein hissig Tønes, eller som ein rocka Øystein Sunde frå Rogaland, men artisten lèt seg helst inspirera av amerikanske meistrar av forteljarkunst, som Hayes Carll, Todd Snider, The Band, Kris Kristofferson mfl.

Artisten frå vestlandet har spelt på by:Larm, gitt ut fleire studioalbum, gjort konsert i Oslo Spektrum med NRK-podkasten Berrum og Beyer, spelt for fulle hus på Parkteatret og John Dee i Oslo, selt ut konsertar på Haugalandet, og byrjar for alvor å etablera seg som ein av dei mest lovande liveartistane i landet! Med fire utgitte studioalbum og 250+ konsertar, framfor alt frå 8 til 8000 folk, er det ingen tvil om at Rossman er ein artist ein bør få med seg.

Inngang: kr. 295
Billettar kan kjøpast på TicketCo.