PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Scary Monsters

Konsert: Scary Monsters

fredag 8. mai kl 21:00 - 23:59, Iris Scene

Iris Scene inviterar til konsert med Scary Monsters 8. mai.

Scary Monsters er eit av få norske band som berre tolkar dei eineståande musikkskattane
til David Bowie, ein imponerande låtkatalog som spenner over det meste innanfor pop og rock
sjangrane. Scary Monsters, som har halde saman i nærare 10 år, tek for seg meir enn 30 låt
frå Bowies lange, og mangfaldige karriere frå midten av 1960-talet og fram til hans død i 2016.
Bandet som er frå Bergen gjer flest opptreder på Vestlandet, men har også opptredd på
legendariske kafé K i Porsgrunn, og minst like legendariske scener som Ogna Scene ved
Sirevåg, og på Iris Scene i Odda som dei skal tilbake til i byrjinga av mai. På klubbscena
Madam Felle i Bergen opptrer bandet kvart år over to kveldar i januar, og trekkjer alltid fulle hus,
seinast 2. og 3. januar 2026, der begge konsertane var utselde.
“Me har tilnærminga rocken har til David Bowies musikalske univers, og tolkar musikken hans der me
gjer våre versjonar av låtane”, seier Frank Hovland (bass).
Scary Monsters var i studio og spelte inn låta Fashion, Life on Mars, Golden Years, Dirty Boys,
Lazarus, Where are we now og Ziggy Stardust for demobruk. Resultatet vart såpass bra at
bandet fekk rettar til å gi ut låtane som eit album som no ligg ute på dei fleste
strøymeplattformene, Spotify, Tidal, iTunes, YouTube. Det er også laget musikkvideoar av
materialet.

Inngang: kr. 200 / kr. 250 (Medl. BLU / ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.