fredag 24. oktober kl 21:00 - 23:30, Lofthus Ekspedisjon
Shenanigans spelar på Lofthus Ekspredisjon.
Songer om opprør, kjærleik og drikkeviser, jigs og reels i forrykande tempo og mykje anna – Shenanigans har spelt si energiske blanding av irsk, skotsk og amerikansk folkemusikk over heile landet i meir enn 15 år. Fredag 24 oktober kjem dei sju veteranmusikarane frå Bergen tilbake att til Lofthus Ekspedisjon. Her blir det masse liv og enda fleire instrument, speleglede og ikkje så lite attityde.
Inngang: kr. 250
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.