

Strók spelar for det meste folkrock, men det kjem gjerne ein vals eller masurka om steminga i lokalet tilseier at det er ein god idè.
Bandet har ein del eigenkomponerte låtar, men spelar også mykje materiale folk vil kjenna att, som låtar av The Pogues, The Waterboys, Flogging Molly, Dropkick Murphy m.fl.
Det vil òg bli spelt kjende låtar i ny drakt, gjendikta til norsk, som til dømes Ess i Spar (Ace of Spades -Mötorhead), Feil Setting (White Wedding - Billy Idol),
Siste Dans (Bad Romance - Lady Gaga), Berre sjao (Bella Ciao) med fleire.
I tillegg til eit stødig komp frå trommer, bass og akkustisk gitar, strøymer det på med tonar frå toradar, banjo, mandolin, fløyte og munnspel.
Oftast er det høg stemning, store smil og mykje «armar og bein» når Strók spelar.
Dørene åpner kl. 21.00.
Konsertstart kkl. 22.00.
Inngang: kr. 150 / kr. 200 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.