PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Terje Isungset Ice Quartet

Konsert: Terje Isungset Ice Quartet

fredag 6. november kl 19:00 - 20:00, Kraftmuseet - Tyssedal

Kraftmuseumet inviterer til konsert med Terje Isungset Ice Quartet 6. november.

Terje Isungset er ein av landets, om ikkje Europas, beste og mest kjende perkusjonistar. Han reiser i desse dagar rundt på turné med prosjektet «Ice Quartet». Den magiske opplevinga av ismusikk har bergtatt publikum under utandørs konsertar i mange minusgrader (i Canada har dei spelt i -42 grader!). Dei fleste har derimot ikkje høve til å kome seg til ut til kalde lokasjonar, både av praktiske og økonomiske grunnar, så Isungset har funne ein raffinert metode der han kan bruke is-instrumenta innandørs, slik vi får oppleva denne kvelden.

Den 6. november kjem han med is-kvartetten sin og skal leike seg med den fantastiske akustikken i den gamle kraftstasjonen i Tyssedal.

Julie Rokseth (is-harpe), Toivo Fjose (is-kontrabass), Terje Isungset (is-perkusjonar, horn og trommer) og Amalie Holt Kleive (vokal).

Inngang: 
Born/student: kr. 120
Vaksen: kr. 300
Billettar kan kjøpast på TicketCo.