PROGRAMOVERSIKT

Konsert: The Irish Vikings

Konsert: The Irish Vikings

lørdag 10. mai kl 20:00 - 23:59, Iris Scene

Irsk folkemusikk med ein tvist kjem endeleg tilbake til Odda i Mai.

Dette blir ei oppleving for publikum har dei turnert Noreg og Nord Europa dei siste 15 åra til festival arrangørars og publikums hemningslause applaus.
Profilerte musikarar frå Irland,Nederland,Hellas og Noreg leverer tradisjonelle irske og sjølvlaga slagerar i si eiga rockedrakt, iført kiltar og levert med mykje humor og skjegg.

Bandet har sleppt ein EP og seks singlar berre det siste halvåret, og det kjem fleire innspelingar frå det som har vakse til å bli eitt av Noregs morosamaste liveband.
Øyvind Nordbys karismatiske framferd og rå vokal guidar publikum gjennom eit folkrock landskap som blir tonesett av Jelte Muis på trommer , Ruben Wijga på fele ,Biffen Bjørndal gitarar og ein av norges tyngste bassistar Jo Torgar Guttu held grooven i eit sveitt show som set spor i sarte sjeler.

Inngang: kr. 200 / kr. 250 (Medl. BLU / Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.