lørdag 8. november kl 20:00 - 23:59, Lindehuset
The Nordic Floyd Show i Lindehuset 8. november.
Noregs beste Pink Floyd-tribute, The Nordic Floyd Show (tidl. Dark Side of the Wall/DSOTW Norway), har allereie oppnådd nirvana: Å bli godkjent av sine eigne idol. Dark Side of the Wall er bandet som Roger Waters meiner er «F***ing brilliant», og som har spelt for fulle hus i over 20 år, m.a som første og til no einaste Floyd-tributeshow i sjølvaste Operahuset i Oslo (2024).
Den livslange kjærleiken bandet har til Pink Floyds musikk vart til ei energibombe frå første øving av. Sidan den gongen har Helge Nyheim (vokal/trommer), Bjarte Aasmul (gitar/vokal), Kai Taule (bass/vokal) og Dag Øivind Rebnord (tangentar/visual fx) utvikla konseptet til ei forrykande multimedieframsyning. Dei har samarbeidd med gjesteartistar som Ian Ritchie (UK, Roger Waters band), Sharon Gaynor (IRL, Breathe), Tine Taule m.fl.
Inngang: kr. 650 / kr. 700 (Medl. BLU /ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.