fredag 24. april kl 19:00 - 23:00, Hotel Ullensvang
Intimkonsert og middag med Ingebjørg Bratland
Til bords med Bratland er ei heilt unik oppleving der me inviterer til ein stemningsfull 3-rettars middag og intimkonsert med Ingebjørg Bratland, ein av Noregs mest folkekjære artistar, kjent for den særeigne nærleiken sin og sterke formidlingsevne.
Med røter i Telemarks rike folkesongtradisjon og eit talent som vart tydeleg allereie i barneåra, har ho utvikla eit uttrykk som står stødig mellom folkemusikk, vise og pop.
Gjennom låtar som «Ingen som du», «Fordi eg elkar deg» og «På avstand» har Bratland nådd breitt ut og skapt musikk som berører publikum i alle aldrar. Ho er kjend for den sjeldne kombinasjonen sin av melodisk fingerspisskjensle, forteljarevne og ei stemme som rommar både varme, styrke og sårbarheit.
Denne kvelden får du oppleva henne slik ho kanskje er aller best: heilt tett på, i eit intimt format der tekst og historier kjem til sin fulle rett. Middag, atmosfære og musikk smeltar saman til ei heilskapleg oppleving.
Inngang: kr. 1860
Billettar kan kjøpast på
Tcketmaster.